Paul Verlaine

fransk poet

Paul Verlaine (30. mars 18448. januar 1896) var ein fransk diktar knytt til symbolismen. Han er rekna som ein av dei største representantane for fin de siècle-litteratur.

Paul Verlaine

Pseudonym Pauvre Lelian, Pablo de Herlagnèz
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 30. mars 1844
Metz
Død

8. januar 1896 (51 år)
Paris

Yrke lyrikar, essayist, skribent, librettist, omsetjar
Språk fransk
Sjanger lyrikk
Religion ateisme
Far Nicolas Verlaine
Mor Élisa Verlaine
Ektefelle Mathilde Mauté
Born Georges Verlaine
Signatur
Paul Verlaine på Commons
Verlaine måla av Gustave Courbet.

Tidleg liv endre

Verlaine var fødd i Metz nordaust i Frankrike som son av ein ingeniørkaptein. Han studerte ved École polytechnique, men vigde seg snart til litteraturen. Den første litterære gruppa han følgde var Les parnassiens (parnasset). Første diktsamlinga hans, Poèmes saturniens (1865), blei skriven under denne påverkinga; dei påfølgjande Fêtes galantes (1869) og endå meir La bonne chanson (1870) tek til å fjerna seg frå dei.

I 1870 gifta han seg med Mathilde Mauté, som han hadde dedisert La bonne chanson til. Same året blei den tredje republikken utropt, og Verlaine gjekk inn i den franske nasjonalgarden. I mars 1871 gjekk han over til Pariskommunen, der han blei leiar for pressekontoret. Då kommunen blei slått ned måtte han flykta frå heimstaden, og han og Mathilde budde ei tid hjå foreldra hennar. I oktober 1871 fekk paret sonen Georges, og to månader seinare drog Paul Verlaine saman med sekstenårige Arthur Rimbaud, som han hadde brevveksla med og no fekk eit forhold til.

 
Rimbaud teikna av Verlaine.

Rimbaud endre

Dei to diktarane loffa gjennom Frankrike, Belgia og England, før Verlaine i 1873 skaut Rimbaud i handa under ein krangel. For åtaket, og for det då forbodne homofile forholdet, måtte han sona to år i fengsel. Under reisene hadde Verlaine skrive mesteparten av den vektige samlinga Romances sans paroles (1874), sterkt påverka av Rimbaud. Under soninga skreiv han Cellulairement, ei samling han ikkje gav ut. I denne tida fekk Mathilde også separasjon etter ein prosess ho hadde starta i 1871.

Verlaine gjekk gjennom ei religiøs krise og konverterte til katolisismen. Han var allereie katolikk, men kan ha gløymd dette på grunn av lang tids misbruk av alkohol og absint. Den religiøse opplevinga gav grunnlaget for Sagesse (1880).

Etter fengselsopphaldet hadde Verlaine eit omflakkande tilvære der han reiste mellom England og Frankrike og arbeidde som lærar. I 1878 møtte han Lucien Létinois og slo seg ned med han på familiegarden i Ardennane. I 1882 drog dei til Paris der Verlaine prøvde å gjenetablera skrivekarrieren sin.

Forfall endre

 
Verlaine som gammal.

Året etter døydde Létinois av flekktyfus, og Verlaine blei sterkt deprimert. Mora hans kjøpte Létinois-garden og dei budde ei tid der, men Verlaine var kranglevoren og valdeleg. Han fekk eit nytt fengselsopphald og flakka deretter rundt før han vende tilbake til Paris og mora i 1885. I 1886 døydde også ho, og Mathilde fekk innvilga skilsmisse same året.

Verlaine budde no i slummar og på offentlege sjukehus, medan han til dagleg drakk absint på kaféar. Men medan Verlaine levde i fattigdom og rus på eit personleg plan, voks ryet hans som diktar innan litteraturmiljøet. Den tidlege diktinga hans blei gjenoppdaga, og han blei saman med Mallarmé sett på som ein føregangsmann for symbolismen og dekadansen. Sjølv tok Verlaine avstand frå desse plasseringane, og lanserte i ein artikkelserie frå 1885 omgrepet «poètes maudits», 'fordømte diktarar', som blei eit viktig omgrep om ulukkelege diktarar som levde utanfor samfunnet.

 
Portrett måla av Eugène Carrière i 1890.

I 1894 blei Verlaine utropt til Prince des poètes, 'diktarfyrsten', og gjeven ein pensjon. Dikta hans blei tonesette av komponistar som Gabriel Fauré, som mellom anna tok for seg La bonne chanson, og Claude Debussy, som let seks av dikta frå Fêtes galantes utgjera ein del av samlinga Recueil Vasnier.

 
Teikning av Verlaine av Frédéric-Auguste Cazals då diktaren døydde. På teikninga er eit utdrag frå det kjende diktet «Il pleure dans mon cœur».

Paul Verlaine døydde i januar 1896, 51 år gammal. Han blei gravlagd i Cimetière des Batignolles i Paris. I 1911 blei det reist eit monument over diktaren i Paris.

Verk endre

Dikt
  • Poèmes saturniens (1866)
  • Les Amies (1867)
  • Fêtes galantes (1869)
  • La Bonne Chanson (1872)
  • Romances sans paroles (1874)
  • Sagesse (1880)
  • Jadis et naguère (1884)
  • Amour (1888)
  • Parallèlement (1889).
  • Dédicaces (1890)
  • Femmes (1890)
  • Après trois ans (1865)
  • Hombres (1891)
  • Bonheur (1891)
  • Chansons pour elle (1891)
  • Liturgies intimes (1892)
  • Élégies (1893)
  • Odes en son honneur (1893)
  • Dans les limbes (1894)
  • Épigrammes (1894)
  • Chair (1896)
  • Invectives (1896)
  • Biblio-sonnets (1913)
  • Œuvres oubliées (1926-1929)
Prosa
  • Les Poètes maudits (1884)
  • Louise Leclercq (1886)
  • Les Mémoires d'un veuf (1886)
  • Mes Hôpitaux (1891)
  • Mes Prisons (1893)
  • Quinze jours en Hollande (1893)
  • Vingt-sept biographies de poètes et littérateurs (trykt i Les Hommes d'aujourd'hui)
  • Confessions (1895)

Kjelder endre