Pave Linus

romersk prest

Linus (død rundt 79) var pave frå rundt 68 til sin død. Han var den andre paven, rett etter Apostelen Peter. Ifølgje Tertullian vart Peter etterfølgt av Klemens I, men dette er i strid med alle andre kjelder.

Linus

Linus
DåpsnamnLinus
FøddTidspunkt ukjent
Volterra i Toscana
DødCa. 79
Roma
ValdCa. 68
InnsettCa. 68
Saligkåra:Kort tid etter sin død.
Heilagkåra:Kort tid etter sin død.
Festdag:23. september
Føregangar:Apostelen Peter
Etterfylgjar:Kletus

Det er uklart når Linus vart pave. Peter lei martyrdøden i 64 eller 67, og dei fleste kjelder seier at han vart pave i 67 eller 68. Den heilage stolen skriv i si offisielle paveliste at det var i 68. Eusebius av Cæsarea hevder det var i 69, Catholic Encyclopedia seier 64, Liber Pontificalis 56 og Den liberianske katalog 55. Det er mogleg at han var Peters hjelpebiskop frå 55 eller 56, og at dette er årsaka til den tidlege dateringa i nokre kjelder.

Ifølge Ireneus av Lyon, i Adversus haereses III.iii.3, var pave Linus identisk med den Linus som blir nemnt av Paulus i hans Andre brev til Timoteus, 4,21.[1] Det er ikkje sikkert om dette er ein korrekt påstand, eller om det er ei seinare namneforveksling.

Svært lite er kjent om livet til Linus. Han skal ha blitt fødd i Volterra i Toscana. Foreldra heite kanskje Herculaenus og Claudia. Ein del skrift vart tidlegare tilskrivne Linus, men desse har vist seg å vere fiktive eller usikre. Det vart lenge hevda at han nedfelte eit påbod om at kvinner skulle dekke til hovudet i kyrkja, men dette blir no rekna som svært tvilsamt. Ei forteljing om Peters og Paulus' martyrium, på latin, vart også lenge hevda å vere Linus' verk, men det er fastslått av det vart skrive i det 6. hundreåret.

Det er også noko uklårt kva tid han døydde. Dei fleste meiner det var i 79, men dateringa varierer i kjeldene mellom 67 og 81. Ifølge Liber Pontificalis døydde han som martyr, mens Ireneus seier han døydde ein naturleg død. Sida det ikkje pågjekk noko kristenforfølging på hans tid er det usannsynleg at han lei martyrdøden.

Hans minnedag er den 23. september. Dette er dødsdagen som er oppgitt i Liber Pontificalis, og dagen er såleis knytt til det tvilsame martyriet. Datoen har likevel blitt behalden, då ein ikkje har betre alternativ som gjer det viktig å gjere om på tradisjonen. Han skal ha blitt gravlagt på Vatikanhøgda, og det vart i det 7. hundreåret funne ei innskrift i nærleiken av Peters grav som nemner ein Linus.

Kjelder og referansar endre