55°36′02″N 12°45′09″E / 55.600556°N 12.7525°E / 55.600556; 12.7525

Peberholm med Øresundbrua i bakgrunnen
Peberholm med tunnelsambandet mot Amager nedover på fotografiet, og Øresundbrua og Malmö oppover på fotografiet.

Peberholm er ei kunstig øy i Danmark, laga sør for Saltholm i Øresund. Peberholm vart bygd som ein lekk i Øresundssambandet mellom Amager i Danmark og Skåne i Sverige, og var naudsynt for å kunne kople dei undersjøiske tunnelane for motorvegen og den dobbelspora jernbanen under Drogdenrenna frå Amager saman med Øresundbrua over til Malmö i Skåne. På øya kjem dei to undersjøiske veg- og jernbanetunnelane opp i dagen, og her er det bygd ein jernbanestasjon som gjer det mogeleg å pense toga over frå det eine sporet til det andre på den dobbeltspora jernbanen når dette trengst i samband med vedlikehald eller av andre årsaker.

Øya er rundt 4 km lang og 3 km² stor, og er bygd av lausmassar gravne opp frå botn i Øresund i samband med anleggsdrifta. Totalt gjekk det med 1,6 millionar tonn stein og 6 millionar kubikkmeter sand og annan masse frå havbotn til bygginga av øya.

Øya fekk namnet Peberholm ('Peparholm' av krydderet pepar) som eit resultat av ein konkurranse i den danske dagsavisa Politiken. Namnet har klar samanheng med at naboøya har namnet Saltholm.

Natureksperiment endre

Øya er òg ein del av eit natureksperiment. Det er meininga at det skal etablere seg vegetasjon på den nye øya ved naturleg spreiing av frø, og det vart difor ikkje sådd frø av gras eller andre plantevekstar her. Då kanskje svært gamle plantar kan ha overlevd i mange millionar år i det mudderet frå havbotn som er fylt opp på øya, er det dessutan von om at slike gamle planter skal kunne etablere seg. For å leggje til rette for eit størst mogleg mangfald av planter, er det lagd til nokre basseng og små høgder.

Øya er under stadig overvaking av biologar. Fram til juni 2006 vart det registrert 440 planteartar på øya, 14-16 hekkande fuglearter, og ei mengd insekt, mellom anna fleire sjeldne. Men sjølv om fleire ulike treslag har spirt, er jordsmonnet for tørt til at det vil kunne danne seg skog på øya.

Av tryggleiksomsyn er det ikkje lov for folk flest å gå i land på øya.

Habitat for giftig edderkopp endre

I juli 2005 vart det oppdaga ein edderkopp med det vitskaplege namnet Tegenaria agrestis på øya. Edderkoppen er svært sjeldan i både Danmark og Sverige, og vart første gong oppdaga i Norden i Jylland i 2003. Edderkoppen er giftig for menneske, og sjølv om gifta ikkje er dødeleg, kan ho føre til kraftige vevskadar og vanskeleg lækjande sår. Ingen i Europa er enno vorte biten av edderkoppen, men i USA har han skapt store problem.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Peberholm