Peder Fylling

norsk historikar

Peder Karolus Jonsson Fylling (26. september 18183. november 1895) var ein norsk folkeminnesamlar og lokalhistorikar frå SkodjeSunnmøre. Han reiste i kring på Sunnmøre og i Romsdal, skreiv opp tradisjon, samla skinnbrev og fornsaker. Tobandsverket Folkesagn (1874 og –77) er hans hovudverk. Ei tredje samling segner kom ut i 1942.

Peder Fylling
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. september 1818
Skodje
Død

3. november 1895 (77 år)
Skodje

Yrke lokalhistorikar

Livsskildring endre

Peder Fylling var eldst av to brør og såleis etla til å ta over bruket på Fylling i Skodje etter faren. Veik helse i mange av hans yngre år førte til at han tok seg kår og overlet garden til den yngre broren. Sjølv busette han seg i ei stove på garden. Helsa var tid om til betre, i desse periodane reiste han i kring i heimbygdene og i det store Borgund prestegjeld i det heile og sanka tradisjonsstoff. Første boka hans, med tittelen Historisk-antikvariske Bemærkninger over Borgunds Præstegjeld paa Søndmøre, samt Giskeætten kom i 1859 (ny utgåve 1875; Bidrag til Borgunds ældre Historie). Ved sidan av hovudverket Folkesagn skreiv han elles Bidrag til Veø ældre Historie (1875), Giskeætten (1883) og Om Gaarden Blindheim (1884).

Dei historiske og mytiske segnene har ymse særmerkt, som gjer dei verdfulle. Forma er stiv og ufolkeleg og språket i bøkene hans er gamaldags bokmål. Framstillinga er noko ukritisk.

Kjelder endre

  • Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952.