Peder Pedersson Hjermann

gardbrukar og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll

Peder (Per) Pedersson Hjermann (1. desember 175425. desember 1834) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann frå Lærdal i Sogn og Fjordane.

Peder Pedersson Hjermann

Peder Pedersson Hjermann måla av Ragna Hennig-Larsen. Tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. desember 1754
Lærdal kommune
Død

25. desember 1834 (80 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk
Peder Pedersson Hjermann på Commons

Familie endre

Hjermann var son av bonde og lensmann Peder Pederson Hjermann og Ingeleiv Lassedotter Øvre Eri. Han vart gift med Berte Malene Tomasdotter Dalsøren i Luster i 1775 og tok over over farsgarden. Paret fekk ingen born og Hjermann vart enkjemann i 1806. Han gifta seg på nytt i 1809 med Elsa Sofie Sørensdotter Lem frå Årdal. Dei fekk fem born.

Yrkesliv endre

Hjermann var bonde, men i åra 1797-1813 var han også med i forlikskommisjonen. Han var og postopnar ei tid.

Eidsvoll 1814 endre

I 1814 vart Hjermann fyrst vald til valmann frå Lærdal prestegjeld. Valmennene møtte så i mars månad i Vik til valmøte der det skulle veljast tre av fem representantar for Nordre Bergenhus Amt. Hjermann vart vald saman med sokneprest Nicolai Nielsen frå Holmedal og sorenskrivar Lars Johannes Irgens frå Sogndal. Dei tre utsendingane reiste saman med representantane frå det infanteriet, Ole Elias Holck frå Alvera og Nils Johannesson Loftesnes, til riksforsamlingaEidsvoll. Hjermann slutta seg til sjølvstendepartiet.

Hjermann døydde på garden sin, Stødno, i Lærdal i 1834. Der er reist ein minnestein over han. Hjermann vart gravlagd på Hauge gamle kyrkjegard. Kyrkjegarden vart nedlagt for lenge sidan og der er ingen gravminne der.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre