Peipus (estisk Peipsi järv, russisk Чудское озеро, Tsjudskoje ozero) er ein stor innsjø på grensa mellom Estland og Russland.[1]

Peipus
innsjø
Peipus ved landsbyen Kallaste i Estland
Land  Estland,  Russland
Tilsig Emajõgi, Velikaja
Utløp Narva
Nedslagsfelt 47 800 km²
Høgd over havet 30 moh.
Areal 3 555 km²
Middeldjupn m
Største djupn 12,9 m
Volum 25 km³
Kystlengd1 520 km
Koordinatar 58°41′N 27°29′E
Øyar Piirissaar, Kolpin, Kamenka
Byar Mustvee, Kallaste
Kart
Peipus
58°40′36″N 27°29′30″E / 58.676666666667°N 27.491666666667°E / 58.676666666667; 27.491666666667
Wikimedia Commons: Lake Peipus
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Peipus er den fjerde største innsjøen i Europa, med eit areal på 3 555 km². Berre Ladoga, Onega og Vänern er større i Europa.

Satellittbilete av Peipus

Sjøen har tre delar: Ein større del, kjend under namnet Peipus, ein mindre del, Pihkva/Pskov, og eit sund mellom desse, Lämmi/Tjoploje.

Peipus er ein grunn innsjø, med største djupn på 15 meter og ei middeldjupn på 7 meter. Sjøbotnen er for det meste gråfarga mudder, men er sandete i sør.[1]

Fiskelivet i sjøen er rikt, men sjøen er ureina etter utslepp i Sovjet-tida.

Elva Emajõgi munnar ut i Peipus frå Võrtsjärv i vest. I nord renn Narvaelva ut av Peipus og til havet i Finskebukta.

Sjøen er frosen rundt seks månader i året.[1] I 1242 var den islagde innsjøen åstad for Slaget ved Peipus (kjend i Russland som «slaget på isen») mellom Den tyske riddarordenen og folk frå Novgorod under Aleksandr Nevskij.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Lake Peipus. Encyclopædia Britannica online

Bakgrunnsstoff endre