Eit peneplan er eit landområde som er nesten plant etter lang tids erosjon og blir danna i område som har vore tektonisk stabile i fleire titals eller hundrevis av millionar år. Når elvar og bekkar har kome ned til erosjonsbasis, vil dei byrje å erodere landskapet på sidene. Til slutt vil alle høgder i landskapet vere borte, og ei flat slette er danna.

På dette biletet frå delstaten New York ser vi restar av eit peneplan som er blitt heva, slik at dalen i forgrunnen har skore seg ned.

Omgrepet peneplan kjem frå teorien til den amerikanske geografen W.M Davis om den geomorfologiske syklusen. Eit tektonisk danna høgland vil gå igjennom fleire stadium med erosjonsmessig utjamning til det blir danna ei jamn flate like over havnivået.

Ei alvorleg innvending mot denne teorien er at det ikkje finst gode døme på peneplan i notida, noko som strid mot aktualitetsprinsippet i geologien. Forklaringa kan vere at det ikkje har vore mogleg å danne peneplan i neogen på grunn av omfattande fjellkjedefolding og stadige skiftingar i havnivå.

I norsk geologi er det særskild to peneplan som er vorte studert. Ved byrjinga av kambrium var det meste av Noreg og Fennoskandia slite ned til ei flat slette, det subkambriske peneplanet, som etter kvart vart oversumt av havet. Hardangervidda, Finnmarksvidda og låglandet i Östergötland er restar av dette peneplanet.

Den paleiske overflata er eit yngre peneplan som vart danna i mesozoikum. Då var Den kaledonske fjellkjeda slite ned, og Noreg var igjen eit sletteland omtrent på høgd med havflata. Heving av terrenget og erosjon under istidene har omdanna denne overflata, men han er likevel enno eit påfallande trekk ved landskapet i Noreg.

Kjelder endre