Penis er største delen av det mannlege kjønnsorganet hos menneske, pattedyr og andre dyr, og blir brukt til å føra sæd inn i hoa. Pattedyr bruker også penisen til å urinera med.

Menneskepenis i normal og erigert tilstand.
Utstoppa kvalpenisar med penisbein.

Mange dyr har penisbein (baculum, os penis) som stiver han opp, medan mennesket har ein penis sett saman av erigerbart vev som stivner gjennom å fyllast med blod.

Ordsoge

Ordet «penis» er rekna som eit klinisk og medisinsk ord på kjønnsorganet. Det er avleidd frå latin der det tyder 'hale'.[1] Organet har også ei rekkje andre norske namn som har ulike konnotasjonar, ofte som tabuord som kan brukast i banning:

  • Kuk eller kukk, frå mellomnorsk kúkr, som truleg har samanheng med kjuke.
  • Pikk, frå norrønt pikkr, som tyder pigg.
  • Lem, som tyder rørleg kroppsdel
  • Tiss (også tissefant o.l.) og piss kjem av verbet for å lata vatnet, som anten er eit latinsk ord eller eit lydord.
  • Andre ord som vert brukte er m.a. mige, pill, pip.
  • Ordet «red», frå det norrøne ordet for penis, (h)reðr, viser i dag til særs store kjønnsorgan, til dømes på hest.[2]

Galleri

Penis

Sjå òg

Fotnotar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  Commons har multimedium som gjeld: Penis
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.