Pensjonistpartiet

norsk politisk parti

Pensjonistpartiet vart danna i 1985 som ein protest mot at saker som var viktige for pensjonistar og eldre ikkje var dominerande nok i samfunnsdebatten og at det var for få eldre i avgjerande politiske stillingar.

Pensjonistpartiet

LandNoreg
Partileiar(ar)Kurt Johnny Hæggernes (2023)
Grunnlagt1985
HovudkvarterOslo
Donasjonar56 000 (2019)[1]
Ideologienkeltsaksparti Sjå dette på Wikidata
Slagord«Livsglede, framtid og folkehelse»

Partiet byggjer på eit kristent grunnlag og fokuserer sterkt på å betre livssituasjonen til eldre og andre svake grupper i samfunnet.

Partiet har per mars 2023, 14 fylkeslag og 52 lokallag spreidde omkring i landet.[2] Pensjonistpartiets Ungdom starta i 2009, med eit lokallag i Vest-Agder.[3]

Pensjonistpartiet var det første norske politiske partiet som sende politisk reklamefjernsyn, sjølv om dette er ulovleg i Noreg.[4]

Representantar frå pensjonistpartiet har aldri blitt valde inn til Stortinget, men dåverande stortingsrepresentant Arne Haukvik melde overgang til Pensjonistpartiet då han ikkje blei renominert for Senterpartiet i 1997.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.