Pentti Aatos Kahma (fødd 3. desember 1943) er ein finsk, tidlegare diskoskastar frå Alavieska. Han vart europameister i øvinga i 1974. Mellom 1970 og -78 vann han sju finske meisterskap i diskoskasting. Hans lengste diskoskast målte 66,82 meter og vart oppnådd 24. mai 1975 i Modesto i USA. I kule presterte han 18,19 m i 1974, og i lengdehopp landa han på 7,21 m då han vann eit stemne i 1969. Kahma er 188 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 112 kg.

Pentti Kahma
Statsborgarskap Finland
Fødd 3. desember 1943 (80 år)
Alavieska
Yrke friidrettsutøvar
Høgd 188 centimeter

Aktiv endre

Kahma var ein av dei aller beste diskoskastarane i heimlandet frå 1967 av. Det året markerte han seg i medaljekampen under den finske meisterskapen i Björneborg. Etter å ha kasta 54,34 m fekk han bronsen, Niilo Hangasvaara vann på 55,56 m. Hangasvaara vart nasjonal meister også i 1968, medan Kahma, som i løpet av sesongen hadde persa med 56,52 m, vann sølvmedaljen. Eit nytt nasjonalt sølv fekk han i 1969; 57,46 m i meisterskapen på olympiastadion var 28 cm kortare enn Jouko Montonen sitt vinnarkast. Same sesongen deltok han i sin fyrste internasjonale meisterskap, EM i [[Aten}}, der han ikkje makta gå til finalen.

Den 14. juni 1970 sette han finsk rekord med 62,28 meter, og vart same sesongen nasjonal meister for fyrste gong etter 59,78 m i Kuovola. Også i 1971 vart han finsk meister med 61,22 m i sluttprotokollen, og han forbetra persen til 63,50 m. I september månad same året var det klart for EM på heimebane i Helsingfors. For første gong nådde han finalen i ein stor meisterskap, der han med 60,64 meter i finalen var berre 98 cm bak sølvvinnaren Lothar Milde.

Under sommar-OL i München i 1972 kvalifiserte han seg greitt til finalen, men i denne lukkast han lite og kom på niandeplass med 59,66 meter. Kahma vart finsk meister i 1973 med 62,30 m framom Markku Tuokko som nådde 60,98 m. Dei to forbetra resultata i 1974-meisterskapen, 64,00 m og 61,50 m, og fekk kvar sitt nye gull og nye sølv.

Sommaren 1974 slengde Kahma diskosen til ny pers på 66,52 meter. Høgdepunktet for han kom likevel to månader seinare, under EM i Roma. Med 63,62 meter slo han både den regjerande olympia- og europameisteren Ludvík Daněk, som tok sølvmedaljen, og verdsrekordhaldaren Ricky Bruch, som fekk bronsen. Til dags dato er Kahma den einaste finlendaren som har vunne ein internasjonal meisterskapstittel i diskoskasting.

Kahma forbetra den personlege rekorden til 66,82 m i Modesto i 1975. Han og Tuokko heldt fram tvekampen om å vere Finlands beste diskoskastar; både i 1975 og 1976 sigra Kahma med høvesvis 63,94 m mot 62,14 m, og 66,14 m mot 62,34 m. Under dei olympiske leikane i Montreal kom han sjetteplass med 63,12 meter. Endeleg i 1977 vart det FM-gull til Tuokko og sølv til Kahma i diskostevlinga, men i 1978 tok Kahma atter ein nasjonal gullmedalje. Etter 1978 trappa han ned, men heldt fram å tevle lokalt til 1983.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • Friidrott, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre