Penza (russisk Пе́нза) er ein by i Russland og er det administrative senteret i Penza oblast. Byen ligg ved elva Sura, 625 km søraust for Moskva. I 2007 hadde byen om lag 510 000 innbyggjarar.

Penza
Пенза
Ei gate i Penza
Ei gate i Penza
Ei gate i Penza
Byåpenet til Penza
Byvåpenet til Penza


Plassering
Penza is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Penza oblast
Grunnlagd
Bystatus
1663
1663
Borgarmeister Roman Tsjernov
Geografi
Flatevidd
 - By

288,5 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

512 200
  1 775,4 /km²
Koordinatar 53°12′N 45°1′E / 53.200°N 45.017°E / 53.200; 45.017
Høgd over havet 150 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 4400xx
Retningsnummer (tlf) (+7)8412
Bilnummer 58
Nettstad: www.penza-gorod.ru/

Historie endre

Penza vart grunnlagd i 1663 som ein grensepost på det som då landegrensa til Russland mot søraust. Byen er kalla opp etter elva han opphavleg låg ved. Sidan byen opphavleg låg i eit grenseland vart dei fleste husa bygd av tre og byen utvikla seg utan noko overliggjande plan. På 1700-talet vart Penza eit viktig handelssenter.

I 1774 vart Penza tatt av opprørshæren til Jemeljan Pugatsjov, etter at borgarar i byen slapp kosakkane inn i byen. Dei første husa i stein starta å dukke opp etter 1801 og i 1809 hadde Penza fått over 13 000 innbyggjarar.

Under den russiske borgarkrigen starta dei tsjekkoslovakiske legionane eit anti-bolsjevikisk opprør i Penza. Under sovjetperioden utvikla byen seg som eit regionalt industrielt senter.

I dag endre

I dag vert Penza rekna som eit regional senter for høgare utdanning. Byen har seks universitet, 13 høgskular og 77 offentlege skular. Penza er òg vertsby for tre teater, fire museum og tre kunstgalleri.

Topografisk sett skil Penza seg kraftig frå dei omliggande byene, med sitt bølgjande bakkelandskap og omkringliggande skogar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre