Per Øivin Sola (fødd 17. juni 1972) er ein norsk gardbrukar og tidlegare friidrettsutøvar frå Sande i Vestfold. Perioden 1992-2000 vann han 3 NM-gull på 400 meter hekk og i alt 11 NM-medaljar på langhekken/korthekken. Fram til 1997 var han medlem i IF Sturla, frå 1998 representerte han SK Vidar.

Per Øivin Sola
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1972 (51 år)
Idrett friidrett

Sola sin personlege rekord på 110 meter hekk er frå eit stemne på Lillehammer 3. juni 1997, då vart han klokka i mål på tida 14,28 sekund. Same året vart han norsk meister på 400 meter for fyrste gong, ein prestasjon han gjentok dei to neste åra. Den 12. august 1998 på Bislett stadion i Oslo presterte han sitt liv beste løp på langhekken, tida 51,11 var 0,35 sekund unna noregsrekorden til Petter Hesselberg.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre