Per Inge Torkelsen

norsk komikar, forfattar og politikar

Per Inge Torkelsen (fødd 21. mars 1953 i Stavanger, død 22. juni 2021) var ein norsk forfattar, komikar, radiokåsør og sjølverklært klovn. Han var mellom anna kjend for uttrykket «gje ungdommen ei flaske brennevin før idretten tek dei». I 2007 vart Torkelsen vald inn i Stavanger bystyre for Venstre.[1]

Per Inge Torkelsen

Fødd21. mars 1953
Stavanger kommune
Død22. juni 2021 (68 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkeskribent, politikar

Per Inge Torkelsen stod oppført som klovn i telefonkatalogen.[2]

Biografi endre

Torkelsen er utdanna adjunkt med lærarskule og engelsk grunnfag, men er best kjend som humorist. Han har arbeidd som postmann, skraphandlar og illusjonist, og han har vore noregsmeister i tryllekunst. Artistnamnet han brukte, var Monsieur M. Han har halde føredrag for bedrifter og vore engasjert debattant. Han har også vore programleiar på Barne-TV, og hadde i ein periode faste innslag i Norge Rundt. Torkelsen har lenge vore medlem av partiet Venstre. På slutten av 1970-talet var han leiar i Rogaland Unge Venstre. Frå 1980 sat han ein periode i kommunestyret i heimbyen Stavanger for Venstre. Han var leiar i Eiganes og Våland bydelsutval i 2003–2007. I 2007 vart han vald inn i bystyret, sjølv om han var kandidat nummer 59 på Venstre-lista; han vart kumulert opp til ein sjetteplass, og dermed fekk han fast plass i bystyret.

Han var berre 15 år då han vekte merksemd i riksmedia fyrste gong. Då lurte han alle arkeologane i Noreg ved å leggje fem kinesiske myntar i eit utgravingsfelt i Stavanger. På slutten av 1960-talet vart nemleg Stavanger kretsfengsel og nokre andre bygningar på torget i Stavanger rivne, og arkeologar dreiv samtidig utgravingar. Stavanger museum sende ut pressemeldingar om funnet, og snart var saka kjend over heile verda. Men etter ei tid kontakta far til Per Inge Stavanger Aftenblad for å fortelje sanninga.

Torkelsen er også kjend som ein ivrig talsmann for røykjarane, og har fleire gonger harselert rundt dette temaet. Han er også ein ivrig teikneseriesamlar og eigar av ei av dei største samlingane i Noreg, med over 28 000 hefte. Dei fleste av dei er utstilte i Barnemuseet i Stavanger. Han er også kjend for lanseringa av bøker som Den store stygge idrettsboka, Den store norske begravelsesboka, Ikkje heilt rektige og den kontroversielle Den store, stygge eldreboka. Bøkene hans er gjerne humoristiske med ein alvorleg undertone. Han har utover dette hatt suksess med revygruppa Løgnaslaget (saman med Dag Schreiner og Steinar Lyse). Dei har også spela inn fleire plater.

Torkelsen var ein av stiftarane av Den Store Norske Humorfestivalen, som kvart år går føre seg i Stavanger. Han var også med på å etablere Norsk Barnemuseum i Stavanger i 2001. Sidan 2003 har han vore fast kåsør i radioprogrammet Norgesglasset i NRK P1.

Bibliografi endre

  • 1986 – Det e løye med det (humor)
  • 1988 – Der e någe med alt (humor)
  • 1989 – Er det nokon vits? (humor)
  • 1989 – Den store norske doboka (humor)
  • 1990 – Kva er vitsen (humor)
  • 1991 – Blaute vitsar (humor)
  • 1991 – Lause skrua (humor)
  • 1992 – Moroboka for smore og stå (humor)
  • 1992 – Den store stygge idrettsboka (humor)
  • 1993 – Den store norske injurieboka (humor)
  • 1994 – Forelska, forlova, forgifta, forvirra (humor)
  • 1994 – Vitseboka for smore og stå (humor)
  • 1996 – Den store norske begravelsesboka (humor)
  • 1997 – Fra Bethania til Texas. Stavanger i etterkrigstida (historie, med John G. Johnsen)
  • 1998 – O jul med din vrede (humor)
  • 1999 – Verdikollisjonen (humor)
  • 1999 – Den store norske doboka (humor)
  • 2000 – Den store, stygge eldreboka (humor)
  • 2001 – Det gjekk på engelsk og norsk
  • 2003 – Gledelig røyk og godt nyttår (humor)
  • 2004 – Ikkje heilt rektige (selvbiografi)
  • 2006 – Den store, stygge Per Inge (humor)
  • 2012: Humor e heile vitsen (humor)

Kjelder endre

  1. Brændeland, David (14. september 2007), «Klovn inn i kommunestyret», Nettavisen (på norsk), henta 29. november 2022 
  2. Larsstuvold, Rune (29. juni 2022). «Per Inge Torkelsen». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnstoff endre