Per Kristian Dahl

norsk politikar

Per Kristian Dahl (fødd 18. november 1960) er ein norsk lokalpolitikar for Arbeidarpartiet. Han var ordførar i Halden kommune frå 2003 til 2011.

Per Kristian Dahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. november 1960 (63 år)
Yrke politikar
Verv Ordførar i Halden
Periode 2003-2011
Føregangar Torhild Johnsen
Etterfylgjar Thor Edquist
Politisk parti Arbeidarpartiet

I perioden 2003-2007 leia han ein koalisjon av Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, men FrP trekte seg frå samarbeidet hausten 2006. Etter valet i 2007 hadde han med seg partifellen Wenche Olsen som varaordførar og leidde eit samarbeid mellom Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Pensjonistpartiet.

Dahl var vararepresentant til Stortinget i perioden 2005-2009.[1]

Han har tidlegare vore hovudtillitsvald ved Norske Skog Saugbrugs og sete i kommunestyret for Ap i Halden.

Referansar endre