Perfect Day
Song av Lou Reed
frå albumet Transformer
Utgjeve november 1972
Sjanger Glamrock
Lengd 3:46
Selskap RCA
Komponist Lou Reed
Tekstforfattar Lou Reed
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent David Bowie
Mick Ronson

«Perfect Day» er ein song skriven av Lou Reed i 1972, opphavleg gjeven ut på albumet Transformer, det andre soloalbumet hans. Songen vart kjend på ny i 1990-åra då han vart nytta i filmen Trainspotting i 1996 og så gjeven ut som ein singel av BBC for veldedige føremål med mange stjerneartistar. Denne versjonen nådde førsteplassen i Storbritannia og låg på toppen i tre veker. Reed spelte inn songen på ny for albumet The Raven i 2003.

Ein versjon av Duran Duran nådde 28. plass i Storbritannia i 1995.

Oh, it's such a perfect day
I'm glad I spent it with you

Lou Reed (1972)

Songen endre

Den originale innspelinga, som resten av Transformer vart produsert av David Bowie medan gitarist Mick Ronson skreiv arrangementet.

Songen har ein melankolsk vokal, og eit langsamt, pianobasert akkompagnement som balanserer den søte nostalgien («it's such a perfect day, I'm glad I spent it with you») med ein understraumande vondskap («you're gonna reap just what you sow»).[1]

Songteksten vert ofte rekna for å indikere ein enkel, ordinær romanse, kanskje om forholdet Reed hadde med Bettye Kronstadt (som kort tid etter vart den første kona hans) og Reed sine eigne konfliktar med seksualiteten sin, dopmusibruk og ego.[2]

BBC-singel endre

Perfect Day
Singel av Forskjellige artistar
Språk engelsk
Utgjeve 3. oktober 1997
Sjanger Pop
Lengd 3:46
Selskap Chrysalis / BBC
Komponist Lou Reed
Tekstforfattar Lou Reed
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent Simon Hanhart

I 1997 vart songen nytta av BBC for å promotere den mangfaldige musikkdekninga BBC hadde. Songen vart innspelt med Lou Reed sjølv og andre store artistar, i det som Financial Times skildra som «ei forbausande rekkje artistar i verdsklasse».[3] Som ein referanse til honorara, enda filmen med meldinga «Uansett kva musikksmak du har, er denne servert av BBC Radio og Fjernsyn. Dette er berre mogeleg takke vere den unike måten BBC vert betalt for av deg. BBC. Du gjer det til det det er.»[4]

Etter stor pågang frå publikum, vart songen gjeven ut på singel for Children in Need, og Lou Reed sa «Eg har aldri vore meir imponert av ei framføring av ein av mine songar»[5] Singelen gjekk til topps i Storbritannia og låg der i tre veker. Han selde over ein million eksemplar og førte inn £2 125 000.[6] Songen hadde to tilleggsvers av songen, eit berre sungen av kvinnelege artistar, og eit berre av mannlege.

Artistar endre

Artistane på singelen i rekkefølgja frå songen:








Duran Duran-versjonen endre

Perfect Day
av Duran Duran
frå albumet Thank You
Språk engelsk
Utgjeve 25. mars 1995
Sjanger poprock
Lengd 3:53
Selskap EMI - DD 20
Komponist Lou Reed
Tekstforfattar Lou Reed
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent Duran Duran
Duran Duran-kronologi 
«Too Much Information»
(1993)
Perfect Day «White Lines»
(1995)


Duran Duran spelte inn ein versjon av «Perfect Day» som vart den første singelen frå coveralbumet deira Thank You. Singelen nådde 28. plass i Storbritannia i 1995.

Lou Reed har vorte sitert som ei inspirasjonskjelde av fleire medlemmar av Duran Duran og albumet Thank You var meint som ei hyllest til inspirasjonskjeldene deira, i same stil som David Bowie sitt Pin Ups.

Susan Boyle-versjonen endre

Perfect Day
Singel av Susan Boyle
frå albumet The Gift
Språk engelsk
Utgjeve 8. november 2010
Sjanger poprock
Lengd 4:31
Selskap Syco/Columbia Records
Komponist Lou Reed
Tekstforfattar Lou Reed
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent Steve Mac
Susan Boyle-kronologi 
«I Dreamed a Dream»
(2010)
Perfect Day "I Know Him So Well
(2011)


Den skotske songaren Susan Boyle spelte inn songen for det andre albumet hennar The Gift og den 8. november 2010 var denne gjeven ut som singel.

Konflikt med Lou Reed endre

I september 2010 måtte Susan Boyle kansellere ei framføring på America's Got Talent i siste augneblink. Ho hadde planlagt å synge «Perfect Day», men to timar før showet vart ho fortalt at Lou Reed hadde nekta ho å framføre songen og ta han med på det komande albumet The Gift. Sidan ho og koret ikkje hadde tid til å øve inn ein annan song, valde ho å kansellere.[7] Eit par dagar seinare uttalte representantar for Lou Reed at han ikkje hadde noko med avgjersla å gjere og at det berre var eit uhell med lisensen.[8]

Eit par veker seinare sa ikkje Lou Reed seg berre samd i å la ho ta med songen på The Gift,[9] men òg å produsere musikkvideoen hennar for songen. Videoen vart filma ved breidda av Loch Lomond og hadde premiere 7. november 2010.[10][11]

Hennar versjon av singelen nådde 124. plass i Storbritannia.

Andre versjonar endre

Mange andre artistar har spelt inn sine versjonar av songen, som Glenn Gregory, Helen Hoffner, Kirsty MacColl, Chris Whitley, Antony Hegarty, T.S.O.L., Leningrad Cowboys, Patti Smith, Faith Yang, Dionysis Savvopoulos, Amanda Lear, Metric og The Jolly Boys.

Konsertversjonar er spelt av Lou Reed i lag med Luciano Pavarotti og av Coldplay, Amanda Palmer, Zemfira, Wolfmother og Andy Bull.

Rob de Nijs spelte inn ein nederlandsk versjon av songen i 1977 kalla «Lome Dag».

Kjelder endre

  1. Janovitz, Bill. Song review of Lou Reed's "Perfect Day", Allmusic.com
  2. Bockris, Victor (1995-08-01). Transformer: The Lou Reed Story. Simon & Schuster, august 1, 1995. (ISBN 978-0684803661)
  3. Dunkley, Christopher. "Hard sell of the fast cut", Financial Times, 10 oktober 1997
  4. Mulholland, John. "Such a perfect way to sing the praises of a licence fee; John Mulholland on how Lou Reed's anthem for doomed youth became the ultimate sales gimmick", The Guardian, 27 september 1997
  5. "Children to reap what Perfect Day sows", BBC News, 21 november 1997.
  6. "Perfect Day for children", BBC News, 12. oktober 1998
  7. NME: Lou Reed made Susan Boyle cry over 'America's Got Talent' refusal Published 9 september 2010. Henta 3. oktober 2010
  8. Lou Reed - Reed Not To Blame For Susan Boyle's Perfect Day Snub
  9. NME: Lou Reed lets Susan Boyle cover 'Perfect Day' after all Published 22 september 2010. Henta 3. oktober 2011
  10. NME: Lou Reed creates 'intimate' video for Susan Boyle's 'Perfect Day' cover Published 7 november 2010. Henta 3. oktober 2011
  11. Susan Boyle's music video on YouTube

Bakgrunnsstoff endre