Perfektum (latin perfectum tempus 'fullenda tid') er ei bøyingsform av verba, som i norsk språk er sett saman av hjelpeverbet ha eller vere og ei perfektum partisippform av verbet. Til dømes «han har stole ein bil», «han hadde stole ein bil», «han har gått sin veg».

Fortid eller preteritum plasserer ei handling til eit tidspunkt før taletidspunktet, medan perfektum plasserer handlinga til eit tidspunkt før eit referansepunkt.

  • Han har stole ein bil
    • (presens perfektum: på eit referansetidspunkt R samtidig med taletidspunkt T er handlinga H over, H > R,T)
  • Han hadde stole ein bil
    • (preteritum perfektum: på eit referansetidspunkt R tidlegare enn taletidspunkt T er handlinga H over, H > R > T)

Perfektum i andre språk endre

Perfektum og perfektiv vert òg brukt om verbalformer som ikkje er eigentleg fortidige, men viser ein notidig tilstand som er resultatet av ei fortidig handling (òg kalla «resultativ perfektum»). Til dømes gresk gégraptai (γέγραπται) 'det er skrive, det står skrive'.

På latin og i dei romanske språka er perfektum ei fullenda og overskoda handling, i motsetnad til imperfektum.

Litteratur endre

  • Faarlund, Jan-Terje, Svein Lie og Kjell-Ivar Vannebo 1997: Norsk referansegramamtikk.