Perleblom

planteart
Perleblom
Perleblom
Perleblom
Status
Status i Noreg: Framandart med høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Scilloideae
Stamme: Hyacintheae
Understamme: Hyacinthinae
Slekt: Perleblomslekta Muscari
Art: Perleblom M. botryoides
Vitskapleg namn
Muscari botryoides

Perleblom (Muscari botryoides) er ei plante i perleblomslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Mellom- og Sør-Europa og Vest-Asia.[2]

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante. Arten vart funnen sikkert forvilla i 1871, men kan ha spreidd seg mykje tidlegare. Perleblom er ganske vanleg på Austlandet og i kyst- og dalstrøk til Rogaland, derfrå meir spreidd til Sør-Troms. Ein del funn som er registrerte som perleblom, kan syne seg å vere krukkeperleblom.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med høg risiko (HI),[3] oppgradert frå potensielt høg risiko (PH) i 2018.[4]

Kjelder endre

  1. «Artsdatabanken: Perleblom». Artsdatabanken. Henta 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 223. 
  3. «Fremmedartslista 2023: perleblom Muscari botryoides (L.) Mill.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 13. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Muscari botryoides perleblom». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 8. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff endre