Permeabilitet i fysikk

Permeabilitet tyder evna til å trenge igjennom noko og i fysikken omhandlar det tilhøvet mellom magnetisk fluktstettleik B og magnetisk feltstyrke H. Som symbol for permeabilitet brukast som regel µ, µ = B/H.

Relativ permeabilitet er tilhøvet mellom permeabilitet for eit stoff og permeabilitet for tomt rom. For dei fleste stoffa er den relative permeabilitet særs nær lik 1, for diamagnetiske litt mindre, for paramagnetiske litt større, men for ferromagnetiske stoff er han mykje større enn 1. Permeabilitet for tomt rom blir òg kalla den magnetiske konstant. Han vert vanlegvis skrive med µ0 og er lik 4p·10-7 henry/meter.

Kjelder endre