Personennamendatei

Personennamendatei (PND) er ein elektronisk katalog over personar som framfor alt er laga for å nyttast i biblioteka til å slå opp i litteratur.

Oppføringane skal sikre at det er lett å finne personopplysningar i Deutsche Nationalbibliografie, bibliotek, arkiv og museum i heile det tyske språkområdet. Registeret blir halde vedlike av Deutsche Nationalbibliothek i Tyskland og Österreichischer Bibliothekenverbund i Austerrike i samarbeid.

For kvar av personane i registeret finst det eit datasett med namn og eventuelt pseudonym, dato då vedkomande er fødd, eventuelt har døydd, og yrke, og dette er knytt til ein unik identifikator, PND-nummeret. Utan PND-nummeret ville namnelikskap og skrivevariantar gjere navnesøka problematiske. Per juli 2011 var det 3,6 millionar datasett i katalogen.

PND blei i april 2012 slått saman med dei andre tyske normdatakatalogane, Gemeinsame Körperschaftsdatei (GKD) og Schlagwortnormdatei (SWD).

Samanliknbare personkatalogar:

Bakgrunnsstoff endre