Perspektivteikning

Perspektivteikning (av latin perspicere, 'sjå gjennom, sjå tydeleg') er ei grein av geometrien som er eit møtepunkt for kunst og matematikk. Konstruksjon av perspektiv vert nytta for å formidle illusjon av ein tredimensjonal røyndom på ei todimensjonal flate (til dømes eit papirark).

Ei trapp i todimensjonalt perspektiv.
Perspektivstudie av ein vase gjort av Paolo Uccello på 1400-talet.

Eit aspekt ved perspektiv er forkorting.

Romperspektiv endre

To viktige kjenneteikn ved den romlege perspektivforståing er:

  • Romleg forkorting (perspektivforkorting), der gjenstandar verkar forvreid og forkorta ut når dei blir betrakta frå ein vinkel.
  • Gjenstandar ser mindre ut når avstanda til betraktaren blir større, altså når dei er lengre vekke frå den som ser.

Sentralperspektiv endre

Eit system der avstand kunne framstillast på ein vitskapleg måte blei laga av Filippo Brunelleschi (1377-1446), ein italiensk arkitekt. Dette systemet inneheld iakttakinga at i høgda med augo til betraktaren synest alle parallelle linjer som spring gjennom rommet i rett vinkel mot motivet, å konvergere sentralt. Dei parallelle linjene heiter ortogonalar. Desse gjer eit geometrisk nettverk som definer biletrommet. Brunelleschis oppfinning kom til å opphøge målarkunst til ein vitskap.

Sjå òg endre

Kjelder endre