Peter Blankenborg Prydz

Peter Blankenborg Prydz (17766. mars 1827) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.

Peter Blankenborg Prydz

Fødd21. september 1776
Død6. mars 1827 (50 år)
Statsborgar avNoreg
Partisjølvstendepartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata

Prydz var fødd i Østre Aker, som son av ein offiser. Han vart sjølv offiser i nordenfjeldske infanteriregiment i 1792. År 1809 vart han kaptein og sjef for skedsmoske kompani. I 1818 vart han overført til 2. akershusiske brigade, med majors grad frå 1825.

I 1814 var Prydz utsending frå regimentet sitt til riksforsamlingaEidsvoll. Han høyrde til sjølvstendepartiet.

Prydz døydde i Skedsmo i 1827.

Kjelde endre