Petoro er eit norsk statleg aksjeselskap med ansvar for å ivareta dei forretningsmessige tilhøva knytt til statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) i petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel. Verdien av SDØE vart den 1. januar 2005 rekna til 625,7 milliardar kroner. Etableringa av Petoro i 2001 kom i samband med omgjeringa av Statoil frå eit reint statsselskap til eit aksjeselskap med fleire eigarar. Statoil hadde før dette ansvar for forvaltinga av SDØE. I 2006 vart Petoro verdsett til 1000 milliardar kroner. I desember 2006 hadde Statoil/Hydro ein børsverdi på 587 milliardar kroner.

Petoro

Org.formAksjeselskap
Org.nr.983382355
BransjePetroleumsverksemd
Skipa2001
EigarEnergidepartementet
HovudkontorStavanger kommune
LandNoreg[1]
StyreleiarGunn Wærsted
Nettstadhttps://www.petoro.no/home (engelsk)

Kjelder endre

  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 53061, Wikidata Q7061260 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Petoro