Petter Solberg

norsk rallyførar

Petter Solberg (fødd 18. november 1974) er ein profesjonell rallyførar, frå Spydeberg i Østfold, fødd i Askim. Han køyrer for Subaru World Rally Team (SWRT). I 2002 enda Solberg på andreplass i rally-VM (WRC, World Rally Championship), og i 2003 gjekk han heilt til topps og vart den fyrste norske verdsmeisteren i rally nokon gong. Dette året vart han tildelt Aftenpostens Gullmedalje. I 2004 og 2005 enda han på andreplass bak verdsmeister Sebastien Loeb.

Petter Solberg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. november 1974 (49 år)
Askim kommune
Idrett rally
Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett, Østfoldprisen, Folkets idrettspris

Petter Solberg

Solberg vart noregsmeister i rallycross og bakkeløp i 1995 og 1996, og han vart noregsmeister i rally i 1998. Same år underteikna han kontrakt med VM-teamet til Ford, og i 2000 bytta han frå M-Sport Ford til Subaru (SWRT). Petter Solberg har vunne 13 VM-rundar i karrieren.

Petter Solberg på veg ut frå service i Rally Sverige 2004.

Hausten 2004 vart biografien Petter Solberg - 110% lansert. Boka er ført i pennen av journalist/forfattar Geir Svardal. Solberg er den best betalte norske idrettsutøvaren nokon gong med ei årsløn som truleg på mellom 30 og 40 millionar kroner. Han er busett i Monaco saman med den svenske kona si, Pernilla (dotter av Per-Inge Walfridsson [europameister i rallycross 1980]), som sjølv var ein dyktig rallyførar på 1990-talet, og sonen Oliver. Petter Solberg er veslebroren til Henning Solberg.

Hovudsponsoren til Petter Solberg i 2006 er 24SevenOffice, som inngjekk ein rekordavtale i norsk målestokk verdt 5 millionar kroner.

Kartlesaren til Petter Solberg har vore walisaren Philip Mills sidan 1999.

Sigrar i rally-VM endre

 
Petter Solberg under Rally Japan i 2006, to år etter at han vann rallyet.
 
Petter Solberg under Race of Champions i 2007.

Enkeltsigrar:

  • Rally Storbritannia 2002
  • Rally Kypros 2003
  • Rally Australia 2003
  • Rally Frankrike (Korsika) 2003
  • Rally Storbritannia 2003
  • Rally New Zealand 2004
  • Rally Hellas 2004
  • Rally Japan 2004
  • Rally Storbritannia 2004
  • Rally Italia (Sardinia) 2004
  • Rally Sverige 2005
  • Rally Mexico 2005
  • Rally Storbritannia 2005

Førar-VM samanlagt:

  • 2000: 10.-plass
  • 2001: 10.-plass
  • 2002: 2.-plass
  • 2003: Verdsmeister
  • 2004: 2.-plass
  • 2005: 2.-plass