Phil Howard er ein australsk jazztrommeslagar mest kjend for den korte perioden sin i jazz-rock-gruppa Soft Machine. Han kom til London frå Australia i 1969, og vart med i bandet Caparius leia av saksofonisten Clive Stevens, i lag med gitarist Peter Martin og bassist Neville Whitehead.

Phil Howard
Statsborgarskap Australia
Fødd 20. hundreåret
Australia
Yrke jazzmusikar

Howard kom først i søkelyset til Soft Machine då Robert Wyatt nesten forlet bandet i august 1970 og dei hadde prøvespelingar for ein potensiell erstattar. Til slutt ombestemte Wyatt seg, men saksofonisten Elton Dean lånte Howard som trommis i Just Us. Han spelte òg i Keith Tippett Group i denne perioden. I august 1971 forlet Wyatt bandet og Howard vart teken inn. Howard spelte med dei ein periode men vart sparka etter å ha spelt inn den første sida av albumet Fifth i desember 1971. Ein høyrte ikkje meir til Howard etter dette.

Bakgrunnsstoff endre