Phil Spector

amerikansk musikkprodusent, komponist og musikar

Harvey Phillip Spector (26. desember 193916. januar 2021) var ein USA-amerikansk plateprodusent som stod bak ei rekke av dei mest populære poplåtane frå 1960- og 1970-talet. Spector var nyskapande både i sitt musikalske uttrykk og i satsinga mot tenåringar som målgruppe for musikken.

Phil Spector

Fødd26. desember 1939 (84 år)[1]
FødestadBronx, New York by
Død16. januar 2021
DødsstadStockton i California
FødenamnHarvey Phillip Spector
OpphavThe Bronx i New York City i USA
Aktiv1958–2009
SjangerPop, rock, punk
InstrumentGitar, piano
Tilknytte artistarThe Ronettes
The Crystals
Darlene Love
The Righteous Brothers
John Lennon
The Teddy Bears
Ike and Tina Turner
George Harrison
Dion DiMucci
The Ramones
The Beatles (Let It Be)
Leonard Cohen
Ben E. King
Gene Pitney
Bob B. Soxx & the Blue Jeans
The Wrecking Crew
Starsailor
PlateselskapPhilles Records, Apple Records
Verka somPlateprodusent, låtskrivar, studiomusikar
Gift medRonnie Spector
PrisarGrammy Trustees Award, Grammy Hall of Fame Award, Rock and Roll Hall of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

Barndom og oppvekst endre

Spector er fødd i The Bronx i New York og budde der dei første åra i livet. Foreldra kunne reknast til den lågare middelklassen. Familien sleit med svak økonomi og vart med åra tynga av gjeld. Far hans tok livet sitt i 1949. Nokre år seinare, i 1953, flytta mor hans med familien til Los Angeles.

I oppveksten og på skulen var han lite interessert i anna enn musikkundervisninga i gitar og piano. Her utmerka han seg og spelte etterkvart gitar, piano, slagverk, bass og horn. Los Angeles var i dei dagar eit senter for rhythm and blues-musikk med mange nye uttrykk og musikarar og små, sjølvstendige plateselskap. Spector prøvde å få tilfeldige spelejobbar. Slik vart han kjend med folk i musikkbransjen.

Etter å ha tatt eksamen ved high school i 1958 ville Spector prøve seg som musikar og bestilte studiotid ved Gold Star Studios. Kostnadene med leige av studio dekte han ved å låne av mora, og med ymse småbeløp frå vener og kjende. Han fekk produsert ein demo-tape, og fekk plateavtale med det litle, lokale selskapet Era Records.

Spectors første utgjeving og listetopp kom i Los Angeles i 1958 med vokalgruppa The Teddy Bears og songen «To Know Him Is to Love Him». Denne songen var eigentleg B-sida på singelplata. Men ein diskjockey i ein radiostasjon i Fargo i Nord-Dakota hadde snudd plata.

Lester Sill, som Spector hadde kjent i fleire år, dreiv eit plateselskap saman med songaren og komponisten Lee Hazlewood. I 1960 sende Sill og Hazlewood den 19 år gamle Spector til New York City for at han skulle lære meir om musikkbransjen. Saman danna Sill og Spector plateselskapet Philles Records, hausten 1961. Allereie året etter kjøpte Spector ut Sill og vart eineeigar.

Produksjon endre

Som opphavsmann bak produksjonsteknikken kalla for Wall of Sound («lydmuren»), vart Spector kjend som ein av hovudarkitektane bak «jentegruppe»-stilen, som spelte ei framskoten rolle i musikkindustrien i første halvdel av og rundt midten av 1960-talet. Dei mest kjende produksjonane hans frå denne perioden er ei rekke listetoppar med artistar som The Crystals («Da Doo Ron Ron»), The Ronettes med «Be My Baby» og The Righteous Brothers med «Unchained Melody» og «You've Lost That Lovin' Feelin'». Den sistnemnde songen nådde listetoppen 17. februar 1965, og denne originalversjonen, pluss seinare coverversjonar skal i følgje copyright-organisasjonen Broadcast Music, Incorporated (BMI) vere den mest kringkasta melodien i USA på 1900-talet.[2] Denne produksjonsperioden kulminerte med den kunstnariske suksessen, men kommersielle fiaskoen, «River Deep, Mountain High» med Ike & Tina Turner.

I heile denne tidlege perioden var Spectors produksjonar i mono. Stereoteknikken var på denne tida i ferd med å verte utbreidd, etter at den hadde vorte teken i bruk på 1950-talet, men Spector var ein erklært motstandar av stereolyd.

Mellom dei mest kjende produksjonane til Spector frå 1970-talet er The Beatles sin Let It Be, og albuma Imagine av John Lennon og All Things Must Pass av George Harrison, det sistnemnde albumet inneheldt songen «My Sweet Lord». Han produserte også Lennon sitt Plastic Ono Band med songen «Happy X-mas (War Is over)».

Seinare produserte Spector mellom anna Leonard Cohen sitt album Death of a Ladies' Man, og The Ramones sitt End of the Century. På 1980- og 1990-talet hadde han ei rekke mislykka prosjekt saman med Cher.

«The Wall Of Sound» endre

Spectors lydmessige varemerke, den såkalla «lydmuren», består av eit fortetta lydbilete i mange lag. Dette gav ein svært verknadsfull og dramatisk effekt med det lydutstyret som var tilgjengeleg, der var mellombølgje-radio og jukeboksar var dei klart dominerande kanalane for spreiinga av popmusikk. Desse teknologiane la i lydgjengjevinga vekt på tonane i mellomtoneregisteret, noko som gjev eit tydeleg meir «avrunda» lydbilete enn dagens teknologi, som i mykje større grad er prega av skarp og gjennomtrengande diskant. To av fleire døme på songar som er produsert på denne måten, er mellom andre «Da Doo Ron Ron» med The Crystals frå 1963 og «You've Lost That Lovin' Feelin'» med The Righteous Brothers frå 1964.

Spector bygde opp sin «lydmur» gjennom å ta i bruk store grupper av musikarar under innspelingane. Mange musikarar spelte då dei same stemmene og tonane samtidig med kvarandre, ofte i delvis orkestrerte arrangement. Desse store musikkgruppene, som bestod av både orkesterinstrument som strykarar og blåsarar og typiske rockeband-instrument som elektriske gitarar, vart samla på eit lite areal i Spectors Gold Star-studio. Romklangen som vart reflektert frå veggene bidrog til å fortette lyden og få klangen av dei enkelte instrumenta til å smelte saman til ein heilskap, der det er vanskeleg å skilje dei frå einannan.

Dette tette lydbiletet skilde seg ut frå den vanlege populærmusikken på den tida. Jamnast la produsentane vekt på ein «rein og pen» vokal med eit ganske forsiktig og diskret akkompagnement, gjerne med klaver eller «lette» strykarar. Spectors røffare arrangement vart laga for dei, den gongen, nye berbare transistorradioane. Hans måte å lage musikk på, og det gjennomslaget den fekk, må derfor sjåast i samanheng med den nye ungdomskulturen som voks fram på 1960-talet.

Samarbeidspartnarar endre

Spector engasjerte ei rekke profesjonelle låtskrivarar til å forsyne seg med poplåtar. Mellom desse finn ein «radarpara» Ellie Greenwich/Jeff Barry, Barry Mann/Cynthia Weil og Gerry Goffin/Carole King.

Spector rekrutterte musikarar til innspelingane sine frå ein krins av dyktige studiomusikarar i Los Angeles-området. Desse musikarane jobba for timebetaling for ei rekke produsentar av plater og filmmusikk, der enkelte var svært ettertrakta og ofte vart brukt, mellom dei kan nemnast trommeslagaren Hal Blaine og el-bassisten Carol Kaye. Andre i denne krinsen av musikarar etablerte seinare eigne solokarrierar, som pianistane Leon Russell og Mac Rebenack, som tok artistnamnet Dr. John, gitaristen og songaren Glen Campbell og korsongaren Cherilyn Sarkisian, kjend som Cher.

Spector hadde også samarbeidspartnarar som fylte andre roller: Arrangementa vart i stor grad gjort av Jack Nitzsche, som seinare arbeidde for Neil Young og The Rolling Stones. Sonny Bono var ofte produksjonsleiar og oppsynsmann.

Spector fekk i 1989 plass i Rock and Roll Hall of Fame.

Eksentrisk, ustabil og drapsdom endre

Spector har gjennom hele livet vore noko for seg sjølv, og har vorte karakterisert som både eksentrisk, genial og galen.

I 2003 kom Spector i media sitt søkelys då han vart sikta for drap. Saka pågjekk i seks år, før han i april 2009 vart han funnen skuldig i drapet.[3] Lengda på straffe vart avsagt 29. mai 2009, då han vart dømt til minst 19 års fengsel for drapet.[4]

Kjelder endre

  1. Andre kjelder seier 25. desember eller 26. desember 1940.
  2. BMI 13. desember 1999
  3. NRK 14. april 2009
  4. NRK 29. mai 2009

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
  • He's a Rebel: The Truth About Phil Spector – Rock and Roll's Legendary Madman. Biografi av Mark Ribowsky. ISBN 0-306-81471-4.
  • Tekstbok til Back to Mono-boksa
  • Out of His Head. Biografi av Richard Williams. ISBN 0-7119-9864-7
  • Wall of Pain: The Biography of Phil Spector. Dave Thompson. ISBN 1-86074-543-1