Pianokonsert nr. 9 av Mozart

Pianokonsert nr. 9 «Jeunehomme» i Ess-dur, K. 271, av Wolfgang Amadeus Mozart vart skriven i Salzburg i 1777, då Mozart var 21 år gammal.

Pianokonsert nr. 9 i Ess-dur
K. 271
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1777
Typisk lengd32:03
Satsar/akter3
ToneartEss-dur
Mozart i 1777, same året som konserten. Målt i Bologna av ein ukjend kunstnar

Verket har lenge vore kjend som «Jeunehomme-konserten». Det vart sagt at Mozart skreiv stykket for den franske pianisten Jeunehomme då ho vitja Salzburg. Musikkvitarane har derimot ikkje klart å identifisere kvinna som han skreiv stykket for. I nyare tid har Michael Lorenz hevda at kvinna var Victoire Jenamy (1749-1812), dottera til Jean-Georges Noverre, ein kjend dansar som var ein av dei beste venene til Mozart.[1]

Struktur endre

Verket er skrive for piano, to oboar, to horn og Strykarar.

Det består av tre satsar:

  1. Allegro, i Ess-dur og vanleg (C) takt
  2. Andantino, i C-moll
  3. Rondo (Presto), i Ess-dur

Mottaking endre

Kritikarane talar ofte varmt om dette verket. Charles Rosen har kalla det «kanskje det første utvetydige meisterverket i klassisismen».[2] Alfred Brendel har kalla det «eit av dei store underverka i verda». Alfred Einstein kalla det «Mozarts Eroica».

Kjelder endre

  1. Michael Lorenz, "»Mademoiselle Jeunehomme« Zur Lösung eines Mozart-Rätsels", Mozart Experiment Aufklärung, (Essays for the Mozart Exhibition 2006) Da Ponte Institut, Wien 2006, s. 423-29.
  2. Rosen 1997, 59

Bakgrunnsstoff endre