Pic Sans Nom på 3913 meter er eit fjell i Massif des Écrins i dei franske Alpane. Det ligg om lag midt i det bratte fjellmassivet som strekker seg frå sørvest for Mont Pelvoux til Ailefroide.

Pic Sans Nom
fjell
Sørsida av Pic Sans Nom, sett frå Sélé-breen
Land  Frankrike
Fjellkjede Dauphiné-Alpane
Høgd 3 913 m moh.
Koordinatar 44°53′36″N 6°23′00″E / 44.89333°N 6.38333°E / 44.89333; 6.38333
Kart
Pic Sans Nom
44°53′36″N 6°23′00″E / 44.893333°N 6.383333°E / 44.893333; 6.383333
Wikimedia Commons: Pic Sans Nom

Fjellet har lange ryggar med bratte avgrunnar mot nord som botnar i Glacier Noir. Skråningane mot sør, med dei einaste og rimeleg greie topprutene, går ned mot dei to brearmane Glacier du Coup de Sabre og Glacier de Sialouze. Pic du Coup de Sabre (3699 m) sørvest for fjellet vert rekna som ein del av Pic Sans Nom.

Kjelder endre