Piero della Francesca

Piero della Francesca (142012. oktober 1492) eigentleg Pietro di Benedetto dei Franceschi (eller Pietro Borghese) var ein italiensk målar, kunstteoretikar og matematikar under ungrenessansen.

Piero della Francesca

Fødd 1415
Sansepolcro
Død

12. oktober 1492 (77 år)
Sansepolcro

Yrke kunstmålar, matematikar, kunstteoretiker
Sjanger religiøst maleri
Piero della Francesca på Commons

Liv og arbeid endre

 
Kristi dåp, ca. 1450
 
Madonna del Parto, 1467

Piero var fødd i Borgo Sansepolcro i Toscana kring om 1420. Han var den første målaren som prøvde å løyse perspektiviske problem med hjelp av matematikk, og å perfeksjonere bruken av perspektiv med geometriske og matematiske verktøy. Og så skreiv han på sine eldre dagar om kunstteori, to viktige bøker som først og fremst handla om perspektiv, geometri og trigonometri: De prospectiva pingendi og Libellus de quinque corporibus regularibus.

Særleg kunsthistorisk verd har freskane hans i kyrkja San Francesco i Arezzo. Draumen til Konstantin, Dronninga av Saba ber ved trekrossen høyrer båe til syklusen Legenda om den sanne krossen. Desse vart laga mellom 1452 og 1466. Ein annan freske er den verdskjende Madonna del Parto i landsbyen Monterchi, 10 km sør for Sansepolcro. Andre kjende verk er; Kristi dåp, Kristi oppstode, Madonna omgjeven av barn og helgenar, samt Federico da Montefeltro og kona Battista Sforza.

Sannsynlegvis gjekk både Luca Signorelli og Perugino i lære hos han, såvel som matematikaren Luca Pacioli.

Sommaren 1487 skreiv han testamentet sitt. Fem år seinare døydde Piero della Francesca på fødestaden, blind og einsam.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Piero della Francesca