Pierre Bonnard (3. oktober 186723. januar 1947) var ein fransk kunstmålar, grafikar og illustratør.

Pierre Bonnard

Sjølvportett, 1889
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 3. oktober 1867
Fontenay-aux-Roses
Død

23. januar 1947 (79 år)
Le Cannet

Yrke kunstmålar, bilethoggar, grafikar, trykker, illustratør, litograf
Sjanger landskapsmåleri, sjangermåleri, akt, portrett
Medlem av Comité national de l'estampe, Royal Academy of Arts
Ektefelle Marthe Bonnard
Signatur
Pierre Bonnard på Commons

Bonnard vart fødd i Fontenay-aux-Roses, far hans hadde ei høg stilling i krigsministeriet. Sjølv byrja han tidleg å interessere seg for latin, gresk og filosofi, men òg i teikning og fargar. Etter farens ynske studerte han jus og arbeidde som jurist fram til 1891. Samstundes med jusstudia studerte han på L'Académie Julian, ein privat skule i målarkunst og skulptur i Paris. Han fekk plass på l'École des Beaux-Arts, der han møtte målaren Édouard Vuillard og elles vart kjend med kunsten til mellom andre Paul Gauguin, Edgar Degas, Claude Monet og Paul Cézanne.

Bonnard slutta seg til kunstnargruppa Les Nabis, ei postimpresjonistisk avantgardrørsle med intellektuelle og spirituelle ambisjonar, med mellom andre Vuillard, Maurice Denis, Félix Vallotton som deltakarar; kunstnarleg la rørsla stor vekt på å sublimere det daglegdagse, forenkle formene og skape intensitet i fargane. Bonnard var interessert i japansk kunst, og påverka av denne kunsten i så stor mon at han fekk tilnamnet «Nabi japonard». Han var dessutan sterkt påverka av ideane til Paul Gauguin.

I 1893 møtte han Maria Boursin som kalla seg Marthe De Meligny. Ho vart modellen hans og seinare kona hans. Martha døydde i 1942. Sjølv døydde han fem år seinare i Le Cannet ved kysten av Middelhavet.

Måleri i utval endre

Bakgrunnsstoff endre