Pigghaiar
Status
Status i verda: EX Utdøydd
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Klasse: Pigghaiar Acanthodii
Owen, 1846

Pigghaiar eller taggpansarhaiar (Acanthodii) (av gresk: akantha - «torn», «pigg») er ein klasse av fiskar som levde frå silur til og med perm. Pigghaiane ser ut til å ha felles forfedrar med dagens beinfiskar. Klassen hadde både ferskvass- og saltvassartar. Namnet pigghai fekk dei fordi finnane framme var støtta av ein pigg. Pigghaiane er den einaste fiskegruppa som har opp til seks par finnar mellom bryst- og bukfinnane.

Hovudet var dekt av små beinplater, medan kroppen hadde eit dekke av små, tjukke og firkanta skjel. Finnane var i forkant støtta av ein kraftig pigg, som har gjeve dei namnet. Hos dei fleste artane fanst det mellom bryst- og bukfinnane frå eitt til seks par små, finnepar med pigg i forkant. Ein del arter hadde utvikla gjellelokk.

Ein har funne finnepiggar i devon-avsetjingar i Noreg og på Svalbard.

Kjende slekter av taggpanserhaiar er Acanthodes og Climatius.

Kjelder endre