Pilk er ein fiskereiskap av vanlegvis ein fiskekrok, i somme høve fleire krokar, som er festa til eine enden eit blankt metallstykke som er forma slik at det freistar fisken til å bita på når det vert sett i rørsle opp og ned i vatnet ved hjelp av handsnøret det heng i enden av. Snøret og pilken heng soleis loddrett i vatnet, med fiskekroken i den nedre enden av pilken og snøret festa til den øvre enden av pilken. Pilken kan vere relativt stor og tung når det skal fiskast etter stor fisk.

Ein liten pilk som vert nytta til isfiske.

Fisking med pilk (pilking) vert gjort frå båt eller gjennom hol som er bora eller hogd i fjordisen («isfiske»). Ved pilking frå båt vert det vanlegvis nytta eit vadbein på ripa på båten til å dra snøret fram og attende over, slik at snøret glid mest mogleg lett og uhindra opp og ned under pilkinga.

Sjå òg endre