Piltdownmennesket

Piltdownmennesket eller piltdownmannen er ei vidkjend forfalsking som består av delar av ein skalle og underkjeve. Desse skal ha vorte funnen i eit grustak nær Piltdown ved Uckfield i East Sussex i 1912. Mange av ekspertane på den tida trudde at fragmenta var dei fossiliserte leivningane av ein til då ukjend form for tidleg menneske. Det vitskaplege namnet Eoanthropus dawsoni («Dawsons daggry-mann», etter samlaren/arkeologen Charles Dawson) vart gjeve til spesimenet.

Rekonstruksjon av skallen til piltdownmennesket
Portrett frå 1915 malt av John Cooke. Bak, frå venstre: F.O. Barlow, G. Elliot Smith, Charles Dawson, Arthur Smith Woodward. Føre: A.S. Underwood, Arthur Keith, W.P. Pycraft og Ray Lankester.

Tydinga av funnet var omstridd fram til forfalskninga vart offisielt avsløra i 1953. Kjevebeinet viste seg å tilhøyra ein orangutang og var sett saman med nokre sjimpanse-tenner og skallen til eit fullt utvikla moderne menneske.

Piltdown-forfalskninga er ein av dei mest kjende arkeologiske forfalskingane i historia. Ho har vore framståande av to grunnar: merksemda som har vorte gjeve temaet menneskeleg evolusjon og den lange tida som gjekk (meir enn 40 år) før forfalskningen vart offisielt og endeleg avsløra.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Om Piltdown-mennesket før forskingsjukset vart avsløra endre