Pipelauk

planteart
Pipelauk
Pipelauk
Pipelauk
Status
Status i Noreg: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Pipelauk A. fistulosum
Vitskapleg namn
Allium fistulosum

Pipelauk (Allium fistulosum) er ein laukart med hole blad og stenglar som kan minna om ein stor graslauk. Han kan brukast til mat på mange måtar, til dømes rå, kokt eller steikt, og tidleghausta som vårlauk.

Frøhovud og frø av pipelauk.

Pipelauk er ein framandart i Noreg, men vart tidleg innført som matplante. Han veks på torvtak og tørre bakkar i innlandet austafjells, elles spreidde stader på Austlandet.[1][2] På raudlista 2021 er arten rekna som sterkt truga (EN), ei nedgradering frå kritisk truga i 2015.[3]

Kjelder endre

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 215. 
  2. «Artsdatabanken: Pipelauk». Artsdatabanken. Henta 6. mars 2023. 
  3. «Norsk rødliste for arter 2021: Pipeløk». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 6. mars 2023. 

  • Pipeløk (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 19. september 2013.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pipelauk
  Denne biologiartikkelen som har med mat å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.