Pirkko Kaarina Helenius (fødd 7. juni 1951) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Helsinki. Ho tevla både i lengdehopp, sprintløp og femkamp. I 1974 vann ho bronsemedaljen i lengde-tevlinga ved europameisterskapen i Roma.

Pirkko Helenius


Statsborgarskap Finland
Fødd 7. juni 1951 (72 år)
Helsingfors
Idrett friidrett

Helenius vart finsk meister i lengdehopp i 1969, 1970, 1974 og 1977. Åra 1969 og 1970 vart ho i tillegg finsk meister i femkamp. Under EM i friidrett 1974 presterte ho livsbeste 6,59 meter i lengdefinalen og la dermed beslag på bronseplassen i øvinga.

Kjelder endre