Pisa (tysk Pissek) er ei elv ved Dei masuriske sjøane i Ermelandskmasuriske voivodskap i Polen. Ho har ei lengd på 80,4 km. Pisa renn frå innsjøen Jezioro Roś nær Pisz og er ei sideelv til Narew. Ho er dermed ein del av ein vassveg til innsjøområdet til Wisła. Piskaskogen grensar til elva på vestsida.

Pisa i Polen
elv
Kart
Pisa i Polen
53°15′04″N 21°52′41″E / 53.251111111111°N 21.878055555556°E / 53.251111111111; 21.878055555556
Wikimedia Commons: Pisa (Narew tributary)

Namnet til elva, som Pisz, kjem frå det gammalprøyssisk ordet pisa, eller sump. Fordi det prøyssiske folket galindane ein gong heldt til i området kalla Den tyske riddarordenen Pisa for Galinde.

Kjelder endre