Pitmedden er ein landsby i grevskapet Aberdeenshire i Skottland. Han har kring 1000 innbyggjarar og ligg midt mellom Ellon og Oldmeldrum, omtrent 25 km unna Aberdeen.

Pitmedden

Main Street and Church in Pitmedden
Main Street and Church in Pitmedden
Main Street and Church in Pitmedden
Plassering
Pitmedden is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Aberdeenshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 137
Koordinatar 57°20′13″N 02°10′48″W / 57.33694°N 2.18000°W / 57.33694; -2.18000
Diverse annan informasjon
Postnummer AB41
Telefon-retningsnummer 0 1651
Commons har multimedium som gjeld: Pitmedden

I tillegg til lokale butikkar og grunnskule er landsbyen vitja av turistar for det store botaniske hageanlegget Pitmedden Gardens som består av 40 000 planter i sommarmånadane. Hagen vart opphavleg danna av Alexander Seton i 1675, og hagen vart på 1950-talet overteke av National Trust for Scotland som gjenskapte anlegget tilbake til den opphavlege forma frå 1600-talet.

Namnet Pitmedden, som alle skotske stadnamn som byrjar på «Pit-», indikerer ein tidlegare piktisk busetjing. I utkanten av landsbyen på søraustsida ved vegen B999 ligg ein liten steinhaug som lokal blir kalla «Grannie's Steppies». Det er trudd å tidlegare å ha vore ein del av ein forhistorisk steinsirkel. Ikkje langt unna ligg ein liten brønn frå 1700-talet ved den same vegen, som blir kalla «Auld Nursies well», og som var vasskjelda for ei samling småhus rett ved som no ikkje lenger eksisterer. Brønnen vart òg nytta for reisande og hestane deira.

Av attraksjonar i landsbyen finst Tolquhon Gallery, eit kunstgalleri for samtidskunst.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre