Pizza er ein matrett som består av ein brødleiv, hovudsakleg laga av kveite, med ulikt fyll på, som tomat, ost eller kjøt. Retten kjem opphavleg frå Italia, men er utvikla vidare i USA og har spreidd seg derifrå til store delar av verda som ei form for snøggmat.

Pizzaer er som regel runde og har fyllet oppå, men det finst òg variasjonar, til dømes ved at leivane er firkanta eller ved at leiven er lukka rundt fyllet. Dette siste blir kalla calzone.

Den italienske pizzaen endre

 
Flameukeusche er ein slags pizza med tynn brødleiv frå Alsace.

Tradisjonell italiensk pizza har ein tynn brødleiv, og retten blir steikt i kort tid (om lag 2 minutt) ved høg varme (450–450 °C), noko som gjev ei sprø skorpe. Tradisjonelt brukte ein det ein hadde i huset til å ha oppå pizzaen, til dømes ein tomat, nokre oliven og litt ost. Namnet pizza tyder eigentleg «rot».

Visse kombinasjonar blei fastsette typar og har fått namn, til dømes napoletana, margherita og quattro stagioni. I dag får ein helst pizza på eit pizzeria som har spesialisert seg på retten. Pizzabakarar handterer deigen på elegant vis, ved å svinga han i lufta for å raskt laga ein tynn pizza, og dei beste deltek i konkurransar.

Den amerikanske pizzaen endre

 
Amerikansk pizza med tjukk botn og mykje ost.

Det var italienarar som var flytta til USA som innførte retten der, men dei gjorde òg nokre endringar. Pizzaleiven blei tjukkare og mjukare, og ein hadde på meir fyll med fleire ingrediensar. I staden for å ha osten under resten av fyllet blei det vanleg å ha eit tjukt lag ost oppå.

 

Medan den italienske pizzaen må etast fersk, kan ein frysa ned amerikanske pizzaer og varma dei opp i ein steikeomn seinare. Den flate forma gjer dei òg lette å frakta, kalde som varme. Dermed er pizza blitt ein enkel og populær type snøggmat, som ein kan nyta både heime og ute, leverte med bud eller laga sjølv. Pizza er sunnare enn mange andre typar snøggmat ettersom han inneheld fleire ulike matsortar som kan gjev ulike næringsstoff. Som annan snøggmat er han likevel temmeleg feitthaldig og er ikkje bra for kroppen i store mengder.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pizza