Pizzahjul er ein skjerereiskap som hovudsakleg vert nytta til å dele pizza før servering. Han består av eit handtak og eit roterbart hjul med skarpe kantar. Bladet er ofte laga av rustfritt stål, men kan også vera keramisk eller av plast. Handtaket kan vera avlangt som på ein vanleg kniv, avrunda rundt hjulet eller ha annan fasong.

Pizzahjul med avlangt handtak.
Bruk av pizzahjul på pizza.

Pizzahjul er ein lettare måte å skjera gjennom alle laga av ein pizza på utan å skjera laus fyll, noko som lett kan skje gjennom sageteknikken ein gjerne bruker med ein vanleg kniv. Jo større hjulet er, jo meir effektiv blir skjeringa.

Hjulet kan også brukast til å skjera i deig, flate brød og liknande.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pizzahjul