Pjotr Aleksejevitsj Kropotkin (9. desember 18428. februar 1921), var ein framståande russisk anarkist som gjekk inn for det han kalla anarkistisk kommunisme. Dette skulle vere eit fellesskapssamfunn utan sentral statsmakt.

Pjotr Kropotkin

Verkeleg namn Пётр Алексеевич Кропоткин
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken
Fødd 27. november 1842
Moskva
Død

8. februar 1921 (78 år)
Dmitrov, Moskva

Yrke geograf, skribent, oppdagar, filosof, sjølvbiograf, journalist, samfunnsøkonom, anarkist, zoolog, politikar
Språk russisk
Medlem av Første Internasjonalen
Far Aleksey Kropotkin
Mor Jekaterina Nikolajevna Sulima
Born Alexandra Kropotkin
Signatur
Pjotr Kropotkin på Commons

Han skreiv mange bøker, pamflettar og artiklar. Dei viktigaste verka hans er kanskje dei som på engelsk heiter The Conquest of Bread, Fields, Factories and Workshops og Mutual Aid:A Factor of Evolution. Han bidrog òg til 1911-utgåva av Encyclopædia Britannica.

Liv endre

Kropotkin vart fødd i ein adeleg familie i Moskva. Han fekk utdanning i St. Petersburg, og las mellom anna franske encyclopædistar og om fransk historie. Han vart òg interessert i tilhøva for dei russisk småbøndene. I åra 1857-1861 var det ei rik intellektuell utvikling i Russland, og Kropotkin vart påverka av liberal og radikal litteratur, som han fann uttrykte mykje av det han sjølv ville.

I 1862 vart Kropotkin offiser i hæren, der han mellom anna arbeidde blant kosakkar, og så langt aust som Irkutsk. Han vart òg leiar for geografisk-vitskaplege ekspedisjonar i området.

Han slutta i hæren i 1867 og fór tilbake til St. Petersburg. Der studerte han ved universitetet, og arbeidde attåt det ved det russiske geografiselskapet. I 1873 gav han ut eit viktig vitskapleg verk der han viste at dei eksistérande karta over Asia var feil. I 1871 arbeidde han med å utforske isbréane i Finland og Sverige, men han hadde no funne ut at det heller var hans oppgåve å spreie kjend kunnskap mellom dei fattige, så han fór tilbake til St. Petersburg og slutta seg til dei revolusjonære.

I 1872 besøkte han Sveits, og vart medlem i den Første Internasjonalen i Genève. Men etter å ha studert programmet til den meir radikale Juraføderasjonen, slutta han seg til anarkismen. Da han vende tilbake til Russland, deltok han aktivt i å spreie revolusjonær propaganda gjennom den russiske nihilistrørsla.

Kropotkin vart fengsla i 1873, men rømde i 1876 og fór i eksil til England, så til Sveits att, der han vart med i Juraføderasjonen. I 1877 hjelpte han til med å starte opp att sosialistrørsla i Paris, og i 1878 var han tilbake i Sveits der han var redaktør for ei revolusjonær avis, og der han gav ut fleire pamflettar.

Rett etter drapet på den russiske tsaren i 1881 vart Kropotkin utvist frå Sveits. I 1883 vart han stilt for retten i Frankrike, og dømd til fem års fengsel fordi han hadde vore medlem i Første internasjonalen. Men i 1886 vart han sett fri etter at fleire hadde teke opp saka hans i den franske nasjonalforsamlinga, og han fór da til England.

I 1902 gav han ut boka Mutual Aid, som gav ein alternativt syn på korleis dyr og menneske overlever, i motsetning til sosialdarwinismen. Sitat: «I dyreverda ser vi at det store fleirtalet av artar lever i samfunn, og at dei i det å stå saman finn det beste våpenet i kampen for livet: forstått, sjølvsagt, i vid darwinistisk meining - ikkje som kamp for berre å eksistére, men som ein kamp mot alle naturtilhøve som er ugunstige for arten. Dyreartane der individuell kamp har vorte redusert til eit minimum, og praksisen med gjensidig hjelp har nådd si største utvikling, er utan unnatak dei mest talrike, velståande, og dei mest opne for vidare framgang. Det gjensidige vernet som er oppnådd i dette høvet, sjansen til å oppnå høg alder og akkumulére røynsle, den høgare intellektuelle utviklinga, og den vidare veksten i sosiale vanar, sikrar oppretthaldinga av arten, utvidinga av han, og den vidare progressive evolusjonen av han. Dei usosiale artane er derimot dømde til forfall» (frå Mutual Aid).

Kropotkin vende tilbake til Russland etter marsrevolusjonen i 1917, og vart tilbydd ein ministerpost i den provisoriske regjeringa, noko han avslo, sjølv om han bidrog til politikkutforminga deira. Han var skuffa da bolsjevikane tok makta ved eit kupp i november. Dette var for han eit døme på korleis ein ikkje kunne føre revolusjonen vidare - ved autoritær maktbruk i staden for fridomsvegen.

Pjotr Kropotkin døydde 8. februar 1921 i byen Dmitrov i Moskva-provinsen, og vart gravlagd på Novodevitsjijgravstaden i Moskva. Gravferda hans vart til ein av dei siste anarkistiske demonstrasjonane i Russland før diktaturet gjorde slikt umogleg.

Verk endre

Bøker endre

Artiklar endre

  • «Research on the Ice age», Notices of the Imperial Russian Geographical Society, 1876.
  • «The desiccation of Eur-Asia», Geographical Journal, 23 (1904), 722-741.

Pamflettar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pjotr Kropotkin

Kjelder endre