Placentale pattedyr

infraklasse av pattedyr
Placentale pattedyr
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Owen, 1837

Placentale pattedyr eller morkakedyra (Eutheria) er dei pattedyra som har ei morkake (placenta) som samband mellom kretsløpssystemet til foster og mor. Morkaka oppstod evolusjonært ved at fosterhinnene og allantois (som er «urinsekken» til fosteret hjå alle amniotar) la seg inntil livmorveggen. Morkaka er den eigenskapen som gjer forlenga drekt mogleg, fordi fosteret ellers ikkje kunne blitt forsynt med oksygen og næring. Drekta hjå placentale pattedyr kan vare opptil elleve månader mot maksimalt éin månad hjå pungdyr.

Fellestrekk endre

I stamarten til dei placentale pattedyra – og i mange av de nolevande representantane – fanst og finst det framleis to livmorer. Derimot har dei to skjedene, som ein til dømes finn hjå pungdyr, smelta saman til éin.

Endå eit avleidd fellestrekk for dei placentale pattedyra er at talet på tenner blei redusert med to fortenner og éi jeksel. Stamarten hadde altså tre fortenner, éi hjørnetann, fire premolarer og tre jekslar. I mange delgrupper har talet på tenner blitt vidare redusert.

Inndeling endre

Tradisjonelt deler ein dei placentale pattedyra inn i rundt 20 ordenar. Nyare analysar viser at desse ordenane igjen fell i fire grupper, som truleg representerer tidleg utvikling på ulike stader ettersom superkontinenta Laurasia og Gondwanaland blei splitta opp av kontinentaldrift tilbake i jura- og krittida:[1]

Ordenar endre

Kjelder endre

  1. Wildman & al (200/): Genomics, biogeography, and the diversification of placental mammals. Proceedings of the National Academy of Sciences (USA) no 104, bind 36, side 14395–400 tekst

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Placentale pattedyr
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Eutheria