Placozoar

gruppe av dyr
(Omdirigert frå Placozoa)
Placozoar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Placozoar Placozoa
Grell, 1971

Placozoar (Placozoa) er rekkje av enkle sjølevande asymmetriske dyr. Dei er dei enklaste dyra som er kjende og er ofte mindre enn ein millimeter på tvers med ei tjukn på kring 20 mikrometer. Dei held seg fast til underlaget og rører seg ved hjelp av flimmerhår, men flyt òg fritt i vatnet.[1] Placozoane oppstod for 750-800 millionar år sidan og vert av mange forskarar rekna for å vera systerkladen til nesledyra og dei tosidige symmetriske dyra. Den fyrste arten av placozoar, Trichoplax adhaerens, vart skildra i 1883.[1] I 2023 var fire artar skildra.[2]

Placozoar er funne nær land i tropiske og subtropiske område. Dei syner låg toleranse for sjøvatn med minska saltinnhald.[1] Dei har mellom seks og ni overordna selletypar.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Pearse, V. B.; Voigt, O. (2007). «Field biology of placozoans (Trichoplax): Distribution, diversity, biotic interactions». Integrative and Comparative Biology 47 (5): 677–692. PMID 21669749. doi:10.1093/icb/icm015. 
  2. 2,0 2,1 Najle, Sebastián R.; Grau-Bové, Xavier; Elek, Anamaria; Navarrete, Cristina; Cianferoni, Damiano; Chiva, Cristina; Cañas-Armenteros, Didac; Mallabiabarrena, Arrate; Kamm, Kai; Sabidó, Eduard; Gruber-Vodicka, Harald; Schierwater, Bernd; Serrano, Luis; Sebé-Pedrós, Arnau (2023). «Stepwise emergence of the neuronal gene expression program in early animal evolution». Cell 186 (21): 4676–4693.e29. PMID 37729907. doi:10.1016/j.cell.2023.08.027. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.