Eit plateselskap er eit selskap som spesialiserer seg på produksjon, distribusjon og promotering av musikk- og videoopptak på ulike format, i hovudsak på CD, LP, DVD, SACD og tidlegare kassett.

Eit plateselskap kan vere, eller vere del av, eit stort, internasjonalt underhaldningskonsern, og vil då grunna marknadsføringa ofte operera med fleire platemerke, eller labelar etter det engelske «record label». Eit plateselskap kan òg vere eit mindre, uavhengig firma - då ofte med distribusjonsavtale med eit av dei store selskapa.

De fire store selskapa endre

Dei fleste større plateselskap er i dag eigd av store multinasjonale verksemder som representerer den største delen av musikk- og filmindustrien, men talet uavhengige plateselskap har den siste tida auka. I 2005 blei 81.87% av all musikk som blei seld i USA distribuert av «dei fire store»: EMI, Universal Music, Sony BMG og Warner Music Group[treng kjelde]. Berre 18,13% blei seld av uavhengige plateselskap[treng kjelde].

Bakgrunnsstoff endre