Plutoidar er dvergplanetar som har ein større store halvakse en Neptun. Dei liknar Pluto. Vilkåret for at ein himmellekam skal vere ein plutoide, er at han krinsar om sola og er tung nok til at det er rundt (tilnærma kule), men i motsetnad til planetane, har det ikkje reinska området omkring banen sin. Ein plutoide må krinse utanfor banen til Neptun, og han kan ikkje vere ein måne.[1] Definisjonen blei vedteken på eit IAU-møte i Oslo den 11. juni 2008. [1]

Fire av dei fem dvergplanetane i solsystemet, Pluto, Eris, Makemake og Haumea, har derfor no status som plutoidar.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Plutoid chosen as name for Solar System objects like Pluto - Offisiell IAU-pressemedling 11. juni 2008