Plutonismen var ei retning i den tidlege faghistoria til geologien. Særleg på slutten av 1700-talet til byrjinga av 1800-talet var debatten mellom plutonistar og neptunistar store.

Plutonistane hevda at vulkanisme og varme i det indre av jorda var sterkt medverkande til danninga av bergarter. Den leiande plutonisten var skotten James Hutton. Etter kvart som arbeidet hans vart kjent utover på 1800-talet, gjekk plutonismen sigrande ut av striden.

Andre tydingar endre

Ein kan av og til i dag sjå plutonisme brukt om magmatiske prosesser som føregår djupt nede i litosfæren – til skilnad frå vulkanismen i dei øvre delene av jordskorpa. Ein snakkar då om plutonske bergartar.