Poi referer til ei form for sjonglering med ballar der ballane er festa i snorer. Ordet poi kjem frå maori og tyder 'ball'.

Maoriar med poi på byrjinjga av 1900-talet.
Utøvar med brennande poi på Wesleyan University i Connecticut.

Kvar ball er festa med ei snor og halde i ei hand, ballane vert svinga i varierande sirkulære mønster rundt kroppen. Tradisjonelt var poi praktisert av kvinner som ei øving for å auke fleksibilitet i handledd og hender, og for menn for å auke styrkje i armar og å betre koordinasjonen. Ein framføringskunst vart utvikla og blir no praktisert først og fremst av kvinner.

Somme seier at det opphavleg var mindre kunst og meir nytte på den måten at poi var arbeid for å lage tradisjonell mat: ein festa poi til ei snor og svinga han for å gje fart mot eit hardt underlag.

I dag har poi ei auka popularitet langt utover grensene til New Zealand.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Poi
  Commons har multimedium som gjeld: Maori poi