Pokémon Ruby og Sapphire

Pokémon Ruby og Pokémon Sapphire er dei tredje rollespela i Pokémon-serien, utvikla av Game Freak og utgjevne av Nintendo på Game Boy Advance. Spela vart lansert i Japan i 2002, og resten av verda i 2003. Pokémon Emerald, ei utvida utgåve av spela, kom ut to år seinare.

Pokémon Ruby og Sapphire

Utviklar(ar)Game Freak
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo
Kreativt ansvarleg(e)Junichi Masuda
SeriePokémon
Plattform(er)Game Boy Advance
UtgjevingJP: 21. november 2002
NA: 19. mars 2003
EU: 25. juli 2003
SjangerRollespel
SpelemodusEnkeltspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttps://www.pokemon.com/us/pokemon-video-games/pokemon-ruby-version-and-pokemon-sapphire-version/
Del av serien Pokémon hovudserie, Pokémon tredjegenerasjonsspel⠀
←Pokémon Crystal⠀ · Pokémon FireRed og LeafGreen→

Spelmekanikkane er for det meste uendra frå dei tidlegare spela i Pokémon-serien. Spelaren kontrollerer hovudpersonen i spelet sett ovanifrå, og kontrollane er i hovudsak dei same som dei var i dei førre spela. Som med tidlegare Pokémon-spel er målet i spelet å fange alle pokémonane i spela og nedkjempe Elite Four, ei gruppe av Pokémon-trenarar. I tillegg har spelet ei underhistorie der hovudpersonen kjempar mot ein kriminell organisasjon som prøver å ta over regionen. Nye funksjonar har vorte lagt til i spelet, som doble kampar og nye eigenskapar hjå pokémonane. Det er også mogleg å linke opp til fire konsollar samstundes med Game Boy Advance. Spela stør også ekstrautstyret e-Reader og linking med andre spel innan same generasjonen Pokémon-spel.

Ruby og Sapphire fekk for det meste positive omtalar sjølv om enkelte var delte i vurderinga av spela, særleg om spelmekanikkane og grafikken. Dei fleste klagane fokuserer på at spelmekanikkane har endra seg lite frå dei tidlegare spela i serien. Sidan populariteten til Pokémon var på veg nedover i 2002, og fenomen som Yu-Gi-Oh! byrja å verte populære, selde spelet mindre enn dei tidlegare generasjonane i Pokémon-serien. Likevel vart spela komersielle suksessar, og med om lag 13 millionar selde kopiar er spela dei som har selt mest på Game Boy Advance-plattforma.

Kjelder endre