Polar austavind er ein vedvarande vind som bles frå polarhøgtrykka ved Nordpolen og Sørpolen mot lågtrykksområda på midlare breidder rundt polarfronten. Kald luft søkk ved polane og skapar høgtrykket i desse områda, og dette tvingar ein sørleg vind (på den nordlege halvkula) bort frå høgtrykket mot ekvator. Straumen vert så avbøygd austover av corioliskrafta. I motsetnad til vestavinden på midlare breidder, eller dei austlege passatvindane rundt ekvator, er den polare austavinden ofte svak og ujamn.