Polemikk (frå gresk polemike (tekhne), 'krigskunst', av pólemos, 'krig, strid')[1] viser til offentleg ordstrid,[2] særleg i skriftleg form. Omgrepet kan visa til heftig skriftleg debatt, diskusjon og argumentasjon i aviser og tidsskrift, tekstar med brodd mot andre sine meiningar og meir eller mindre sakleg kritikk, gjendriving og imøtegåing av andre sine påstandar og meiningar. Det å drive med polemikk blir kalla «å polemisera», medan einkvan som driv med polemisering kan kallast ein «polemikar».[1]

Tittelsida til Thomas Murner sitt anti-lutherske polemiske skrift Von dem grossen Lutherischen Narren wie ihn Doctor Murner beschworen hat frå 1522.

Det har vore fleire kjende polemikkar gjennom historia. I Noreg var Johan Sebastian Welhaven og Henrik Wergeland litterære fiendar. Welhaven skreiv mellom anna «Henrik Wergelands Digtekunst og Polemik ved Aktstykker oplyste» i 1832. Ei diktsamling av dikta til Welhaven frå 1990 hadde tittelen Diktekunst og polemikk : Johan Sebastian Welhavens dikt.[3]

På 1960-talet markerte Jens Bjørneboe seg som ein skarp polemikar, også omtalt som «rasende polemiker».[4]

Eit antonym (motsett meining) til polemikk er apologia, eller forsvarsskrift.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «polemikk», NAOB
  2. «polemikk» i Nynorskordboka.
  3. «Diktekunst og polemikk : Johan Sebastian Welhavens dikt», Nasjonalbiblioteket
  4. «Essayisten Jens Bjørneboe», NTNU

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.