Polen i Junior Eurovision Song Contest

Polen debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark med songen «Coś mnie nosi», framført på polsk av Katarzyna Żurawik. Bidraga vart vald gjennom den nasjonale finalen Junior Eurosong. Landet deltok berre i 2003 og 2004. Fyrste gongen kom dei på siste plass med 3 poeng, og andre gongen kom dei på delt sisteplass med Latvia.

Polen

Offisielt Polen

Telewizja Polska
Uttakingar
Nasjonalt 8
Internt 1
Deltaking
Debutår 2003
Deltakingar 9
Beste resultat
Finalen 1 (2018 og 2019)
Verste resultat
Finalen Sist (2003 og 2004)
Poeng
Totalt 1 100

I 2016, etter å ha vore vekke frå tevlinga i tolv år, vendte Polen attende til Junior Eurovision Song Contest. Dei valde å gjennomføre ei nasjonal uttaking, og Olivia Wieczorek vart vald til å representere landet, med songen «Nie zapomnij».

Polen har vunnet Junior Eurovision Song Contest to gongar. I 2018, vann Polen tevlinga for fyrste gong med songen «Anyone I Want to Be», framført av Roksana Węgiel.[1] I 2019, vart Polen det fyrste landet i Junior Eurovision Song Contest til å vinne to år på rad og til å vinne på heimebane, då Viki Gabor vann tevlinga med songen «Superhero».

Bidrag i Junior Eurovision Song Contest endre

År Artist Song Språk Plass Poeng
  2003 Katarzyna Żurawik «Coś mnie nosi» Polsk 16 3
  2004 KWADro «Łap życie» Polsk 17 3
  2016 Olivia Wieczorek «Nie zapomnij» Polsk og engelsk 11 60
  2017 Alicja Rega «Mój dom» Polsk 8 138
  2018 Roksana Węgiel «Anyone I Want to Be» Polsk og engelsk 1 215
  2019 Wiktoria Gabor «Superhero» Polsk og engelsk 1 278
  2020 Ala Tracz «I'll Be Standing» Polsk og engelsk 9 90
  2021 Sara Egwu-James «Somebody» Polsk og engelsk 2 218
  2022 Laura Bączkiewicz «To the Moon» Polsk og engelsk 10 95

Røystehistorikk endre

Polen har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Ukraina 47
2   Georgia 46
3   Australia 45
4   Kviterussland 39
  Spania

Polen har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Malta 44
2   Serbia 36
3   Nederland 35
  Ukraina
5   Kviterussland 32

Galleri endre

Junior Eurovision Song Contest i Polen endre

År Stad Arena Programleiarar
  2019 Gliwice Arena Gliwice Ida Nowakowska, Aleksander Sikora og Roksana Węgiel
  2020 Warszawa Hovudkvarteret til TVP Ida Nowakowska-Herndon, Rafał Brzozowski og Małgorzata Tomaszewska

Sjå òg endre

Fotnotar endre

Kjelder endre