Ein union er formelt eit statssamband mellom likeverdige partar, ofte synonymt med ein føderasjon av statar (delstatar).

I den verkelege verda er unionar ikkje alltid likeverdige samband, men skjuler reell dominans der sterkare partar har herredømme over svakare.

Døme på noverande unionar er Sambandsstatane, Forbundsrepublikken Tyskland og Det sameinte kongedømmet UK. I den sistnemnde finst det sjølvstenderørsler i Nord-Irland, Wales og Skottland på grunn av påstått engelsk dominans.

Sovjetunionen vart oppløyst i 1991, og dei fleste vil meine at denne unionen i røynda var dominert av Russland. Det noverande Russland er elles òg ein føderasjon, der særleg Tsjetsjenia synest å vere ein uvillig del.

Den europeiske unionen EU er ikkje enno rekna som ein stat, men får stadig fleire føderale trekk, og er truleg i ferd med å bli ei slags statsdanning. Dette sjølv om statsdanningsprosessen fekk eit tilbakeslag da folket i Frankrike og Nederland sa nei til den foreslåtte EU-grunnlova i mai og juni 2005.

Noreg var i unionar med Danmark og Sverige frå 1300-talet til 1905. Særleg frå 1536 til 1660 var Noreg ikkje eingong formelt rekna som likeverdig del av unionen med Danmark, og i 1905 var det stort fleirtal i det norske folket for å seie ja til fullt sjølvstende og oppheving av unionen med Sverige.